B.1905.1 Hublot Classic Fusion Svart/Gummi Ø42 mm BEGAGNAD 26 900 kr hublot klassisk fusion svart


relogios omega baratos
bedste replika ure site
時計
kvinders ure
レプリカオメガの腕時計

Rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket Gå til: navigering, søk Rock Stilmessig opphav: Kulturelt opphav: 1950- og 1960-åra i Storbritannia og USA Typiske instrument: Populær periode: Ein av dei mestseljande musikkformene sidan 1950-åra Avleidde former: Undersjangrar Alternativ rock - beat - eksperimentell rock - garasjerock - glamrock - hardrock - heartland rock - heavy metal - indierock - kunstrock - new wave - post-punk - post-rock - progressiv rock - proto-punk - psykedelisk rock - punkrock - rootsrock - softrock - Southern rock - surfemusikk Blandingssjangrar Barokk pop - bluesrock - countryrock - dance-rock - folkrock - funkrock - industriell rock - jazzfusion - poprock - power pop - ragarock - raprock - reggaerock - sambarock - støyrock - sufirock Andre emne Etterslag - Hall of Fame - pop - progressiv musikk - rockeband - rockeopera

Rock er ein sjanger innanfor rytmisk musikk som har røter i rock ’n’ roll i USA på 1950-talet, og utvikla seg til ei rekkje forskjellige stilartar frå 1960-åra og utover, særleg i Storbritannia og USA. [1] [2] Ordet rock heng ordsogeleg saman med det norske gjerningsordet å rugga .

Rock har røter som går tilbake til rock ’n’ roll og rockabilly i 1940- og 1950-åra, som igjen utvikla seg frå blues, rhythm and blues og country, men òg gospel, tradisjonell pop, jazz og folkemusikk. Alle desse vart kombinert til ein enkel, bluesbasert songstruktur som var rask, fengjande og mogeleg å danse til. I følgje Allmusic «har den reinaste forma for rock ’n’ roll tre akkordar, eit sterkt, stødig etterslag (backbeat) og ein fengande melodi. [3]

Rockemusikk er opphavleg musikk i 4/4-takt med eit tydeleg etterslag ( backbeat ) og har tradisjonelt vore spela med eit oppsett av trommer, elektrisk gitar, elektrisk bassgitar og ein eller fleire songarar. Det har likevel vore brukt nesten alle kjende musikkinstrument i ein eller fleire samanhengar i samband med rockemusikk. Som i pop har tekstane ofte romantiske tema, men kan omhandle kva som helst og legg ofte vekk på sosiale og politiske tema. Dominansen av kvite, mannlege musikarar innan rock har ofte blitt rekna som ein av hovudfaktorane som har forma kva tema som er blitt utforska i rockemusikken. Rock har i større grad lagt vekt på musikalsk dugleik, konsertar og ein autentisitetsideologi enn det popmusikken har.

Seint i 1960-åra dukka det opp ei rekkje undersjangrar av rock, med blandingssjangrar som bluesrock, folkrock, countryrock, ragarock og jazzrock, og mange bidrog til utviklinga av psykedelisk rock, som var påverka av den psykedeliske motkulturen. Nye sjangrar oppstod frå dette miljøet, som progressiv rock, med forsterka kunstnariske element, glamrock, som la vekt på underhaldningsaspektet og den visuelle stilen, og eit mangfald av undersjangrar av heavy metal, som la vekt på kraft, volum og fart. På andre halvdelen av 1970-åra oppstod punkrocken som ein reaksjon på det dei såg som oppblåste, uekte og altfor kommersielle aspekt av desse sjangrane, og skapte ein enkel, energisk musikkform med eit rått uttrykk og tekstar som ofte bestod av sosial og politisk kritikk. Punk var ei inspirasjonskjelde i 1980-åra for utvikling av andre undersjangrar, som new wave, post-punk og til slutt alternativ rock. I 1990-åra byrja alternativ rock å dominere rocken og slo gjennom i form av grønsj, britpop og indierock. Blanding av andre undersjangrar har sidan oppstått, som poppunk, raprock og rap metal, i tillegg til forsøk på å gå attende til tidlegare populære rockesjangrar, som den nye bølgja med garasjerock/post-punk og synthpop i byrjinga av 2000-åra.

Rock har òg omfatta og tent som reiskap for kultur- og samfunnsrørsler, noko som har ført til store subkulturar som mods og rockers i Storbritannia og hippie-motkulturen som spreidde seg frå San Francisco i USA i 1960-åra. På liknande vis utvikla pønkkulturen i 1970-åra seg til dei visuelt særeigne subkulturane goth og emo. Rockemusikken tok etter visetradisjonen med protestsongar og har vore knytt til politisk aktivisme i tillegg til endringar i samfunnshaldningar til rase, sex og dopbruk, og vert ofte sett på som eit uttrykk for ungdomsopprør mot den vaksne konsumerismen og konformiteten.

Innhaldsliste

Kjenneteikn [ endre | endre wikiteksten ]

Red Hot Chili Peppers i 2006 har ei typisk kvartettbesetning for eit rockeband (frå venstre til høgre: bassist, vokalist, trommeslagar og gitarist).

Rockestilen er tradisjonelt basert på forsterka elektrisk gitar, som oppstod i si moderne form i 1950-åra med populariseringa av rock and roll, [4] og var påverka av stilen til elektrisk blues-gitaristar. [5] Lyden av ein elektrisk gitar i rocken vert typisk akkompagnert av ein elektrisk bassgitar, som først dukka opp i jazzmusikken i same perioden, [6] og perkusjon skapt av eit trommesett av trommer og cymbalar. [7] I tillegg er det ofte blitt nytta andre instrument, særleg klaverinstrument som piano, hammondorgel og synthesizerar. [8] Den grunnleggjande rockeinstrumenteringa var basert på den grunnleggjande bluesbandinstrumenteringa (markant sologitar, eit anna akkordbasert instrument, bass og trommer). [5] Ei gruppe musikarar som spelar rock vert kalla eit rockeband og består typisk av tre – powertrioen nytta i rock, metal og punkrock – til fem medlemmar. Eit klassisk rockebandformat består gjerne av ein kvartett der medlemmane dekkjer ein eller fleire roller, som vokalist, sologitarist, rytmegitarist, bassgitarist, trommer og ofte med ein klaverspelar eller andre instrumentalistar. [9]

Rock har tradisjonelt bygd på ein enkel usynkopert rytme i 4/4-takt, med eit repeterande etterslag (backbeat) på skarptromma på slaga to og fire. [10] Melodiane kjem ofte frå eldre modusar, som dorisk og miksolydisk, i tillegg til dur og mollskalaer. Harmoniane varierer frå vanleg treklang til parallelle kvartar og kvintar og disharmoniske progresjonar. [10] Rockesongar har sidan slutten av 1950-åra, [11] og særleg frå midten av 1960-åra, ofte nytta vers-refreng-forma frå blues og visesong, men det har vore mange variantar av og avvik frå denne forma. [12] Musikkjournalistar har lagt vekt på eklektisismen og det stilmessige mangfaldet i rocken. [13] På grunn av den kompliserte historia og tendensen til å låne frå andre musikalske og kulturelle former, er det blitt hevda at «det er umogeleg å kome med ein strengt avgrensa musikalsk definisjon av rockemusikken». [14]

Eit enkelt trommemønster i 4/4-takt er vanleg i rock Spel   (hjelp·info)

I motsetnad til mange tidlegare stilartar innan populærmusikken har tekstane i rocken handla om mange tema i tillegg til romantisk kjærleik, som sex, opprør mot «Etablissementet», sosiale omsyn og levestilar. [10] Temaa i tekstane kom frå mange forskjellige stader, som poptradisjonen i Tin Pan Alley, visesong og rhythm and blues. [15] Musikkjournalisten Robert Christgau skildrar rocketekstane som eit «kult medium» med enkel diksjon og repeterte refreng, og hevdar at «hovudfunksjonen» til rock «omhandlar musikk, eller meir generelt, støy». [16] Rockemusikarane har ofte vore kvite menn frå mellomklassen [17] og rock har blitt sett på som ei tilpassing av svarte musikkformer for eit ungt, kvitt og hovudsakleg mannleg publikum. [18] Som følgje av dette har rocken blitt sett på som eit talerøyr for denne gruppa i både stil og tekstar. [19]

Etter at omgrepet rock byrja å bli brukt føre rock and roll frå slutten av 1960-åra, har det ofte blitt stilt opp mot popmusikken , som har mange av dei same kjenneteikna. Rock vert sagt å leggje meir vekt på musikalsk dugleik, konsertar og ha eit fokus på seriøse og progressive tema som ein del av ein autentisitetsideologi som ofte vert kombinert med eit medvit om historia og utviklinga til sjangeren. [20] I følgje Simon Frith var «rock noko meir enn pop, noko meir enn rock and roll. Rockemusikarar kombinerte ei vektlegging av dugleik og teknikk med det romantiske kunstkonseptet som kunstnarisk uttrykk, det originale og det ekte». [20] I det nye tusenåret er omgrepet rock stundom blitt nytta som eit samleomgrep for musikkformer som pop, reggae, soul, og til og med hip hop, som det er blitt samanlikna med, men ofte stått i kontrast til gjennom mykje av historia. [21]

Opphav [ endre | endre wikiteksten ]

Rock and roll [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå rock and roll og rockabilly.

Grunnlaget til rocken kjem frå rock and roll, som oppstod i USA seint i 1940- og tidleg i 1950-åra og raskt spreidde seg til resten av verda. Det næraste opphavet ligg i ei blanding av forskjellige svarte musikkformer på den tida, som rhythm and blues og gospel med country and western. [22] I 1951 byrja programleiaren Alan Freed i Cleveland i Ohio å spele rhythm and blues-musikk (då kalla «rasemusikk») for både eit kvitt og svart publikum, og blir rekna som den første som brukte omgrepet «rock and roll» for å skildre musikken. [23]

Det er omdiskutert kva song som kan reknast som den første rock and roll-songen. Mogelege kandidatar er Goree Carter-songen «Rock Awhile» (1949); [24] Jimmy Preston sin «Rock the Joint» (1949), som seinare vart spelt inn av Bill Haley & His Comets i 1952; [25] og «Rocket 88» av Jackie Brenston and his Delta Cats (i røynda Ike Turner og bandet hans Kings of Rhythm), spelt inn av Sam Phillips for Sun Records i 1951. [26] Fire år seinare vart Bill Haley sin «Rock Around the Clock» (1955) den første rock and roll-songen som gjekk til topps på lista til Billboard over mest selde og radiospelte songar, og opna døra verda over for denne nye popkulturbølgja. [27] [28]

Elvis Presley i eit bilete frå Jailhouse Rock i 1957.

Det er òg blitt hevda at «That's All Right (Mama)» (1954), den første singelen til Elvis Presley for Sun Records i Memphis, kan ha vore den første rock and roll-songen, [29] men på same tid låg Big Joe Turner sin «Shake, Rattle & Roll», seinare spelt inn av Haley, alt på toppen av Billboard R&B-lista. Andre artistar med tidlege rock and roll-hittar var mellom andre Chuck Berry, Bo Diddley, Fats Domino, Little Richard, Jerry Lee Lewis og Gene Vincent. [26] Etter kort tid tok rock and roll over i amerikanske platebutikkar og smørsongarar, som Eddie Fisher, Perry Como og Patti Page, som hadde dominert salslistene det førre tiåret, gjorde det langt dårlegare på listene. [30]

Ut av rock and roll har det oppstått ei rekkje særeigne undersjangrar, som rockabilly, der ein kombinerer rock and roll med «hillbilly»-country. Rockabilly vart vanlegvis spelt av kvite songarar i midten av 1950-åra som Carl Perkins, Jerry Lee Lewis, Buddy Holly og Elvis Presley. Av desse var det Elvis som hadde størst salssuksess. [31] På andre sida finn ein doo wop som la vekt på vokalharmoniar og meiningslause tekstar (som sjangeren har fått namn frå), akkompagnert av lett instrumentering. Denne sjangeren hadde opphav i afroamerikanske vokalgrupper frå 1930- til 1940-åra. [32] Artistar som The Crows, The Penguins, The El Dorados og The Turbans fekk alle store hittar, og grupper som The Platters, med songar som «The Great Pretender» (1955), [33] og The Coasters med komiske songar som «Yakety Yak» (1958), [34] var blant dei mest suksessrike rock and roll-artistane på denne tida. [35]

Den elektriske gitaren vart òg populær på denne tida og det vart utvikla ein spesifikk rock and roll-spelestil av gitaristar som Chuck Berry, Link Wray og Scotty Moore. [36] Elektrisk blues-gitaristar som Guitar Slim, [37] Willie Johnson og Pat Hare var tidleg i 1950-åra pionerar innan bruk av forvrenging [38] og denne effekten vart gjort populær av Chuck Berry i midten av 1950-åra. [39] Willie Johnson og Pat Hare var òg av dei første som brukte powerakkordar, [38] og denne teknikken vart gjort populær av Link Wray seint i 1950-åra. [40]

I Storbritannia henta trad jazz- og folkemusikk-miljøa bluesartistar til Storbritannia. [41] Lonnie Donegan-hitten «Rock Island Line» frå 1955 vart innverknadstung og var med på å utvikle ein trend med skiffle-grupper gjennom heile landet. Mange av desse gruppene, som John Lennon sitt Quarrymen, gjekk over til å spele rock and roll. [42]

Musikkekspertane har vanlegvis rekna ein nedgang for rock and roll seint i 1950- og tidleg i 1960-åra. I 1959 omkom Buddy Holly, The Big Bopper og Richie Valens i ein flystyrt, Elvis drog i hæren og Little Richard trekte seg attende for å bli predikant, Jerry Lee Lewis og Chuck Berry vart straffeforfølgde og payolaskandalen braut ut (der viktige personar, inkludert Alan Freed, hadde drive med muting og korrupsjon for å fremje forskjellige artistar og songar), og dette gav ei kjensle av at rock and roll-tida var over. [43]

«Mellomåra» [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå rock and roll, doo-wop, britisk rock and roll og soul. upright>The Shirelles i 1962. Med klokka frå toppen: Addie «Micki» Harris, Shirley Owens, Beverly Lee og Doris Coley.

Perioden seint i 1950- og tidleg i 1960-åra, mellom slutten av den første innovasjonsperioden og det som i USA vart kjend som «den britiske bølgja», har tradisjonelt blitt rekna som ei dødtid for rock and roll. [44] I nyare tid har somme forfattarar lagt vekt på viktige innovasjonar og trendar i denne perioden, som gjorde den framtidige utviklinga av rocken mogeleg. [45] [46] Medan det var kvite, mannlege artistar som hadde størst kommersiell suksess i den tidlege rock and roll-perioden, særleg då rockabilly slo gjennom, var det svarte, kvinnelege artistar som dominerte denne perioden. Rock and roll forsvann ikkje på slutten av 1950-åra og noko av energien finn ein att i twist-dansen som var særs populær tidleg i 1960-åra. Denne største artisten innan denne stilen var Chubby Checker. [46] Doo wop hadde ei nedgangstid seint i 1950-åra, men vart populær att tidleg i 1960-åra, med hittar for artistar som The Marcels, The Capris, Maurice Williams and the Zodiacs og Shep and the Limelights. [35] Fleire jentegrupper, som The Chantels, The Shirelles og The Crystals vart popuære i denne perioden og la vekt på harmoniar og ein polert produksjon som stod i kontrast til tidlegare rock and roll. [47] Somme av dei største hittane til jentegruppene var produkt av Brill Building-stilen, kalla opp etter eit kvartal i New York der mange låtskrivarar heldt til. Ein av desse hittane var The Shirelles sin «Will You Love Me Tomorrow» som gjekk heilt til topps på salslista i USA i 1960, skriven av låtskrivarparet Gerry Goffin og Carole King. [48]

Cliff Richard fekk sin første britiske rock and roll-hit med «Move It», og var medverkande til at britisk rock slo igjennom. [49] I byrjinga av 1960-åra vart gruppa hans The Shadows den mest suksessrike gruppa som spelte instrumentalar. [50] Medan rock 'n' roll glei over i lettare pop og balladar, var britiske rockegrupper på klubbar og lokale danselokale kraftig påverka av bluesrock-pionerar som Alexis Korner og byrja å spele med ein intensitet og eit driv ein sjeldan fann hos kvite, amerikanske artistar. [51]

På denne tida voks òg soul fram som ei stor kommersiell kraft. Soul utvikla seg ut frå rhythm and blues med ei blanding av gospel og pop, og førte til pionerar som Ray Charles og Sam Cooke frå midten av 1950-åra. [52] Frå tidleg i 1960-åra dominerte artistar som Marvin Gaye, James Brown, Aretha Franklin, Curtis Mayfield og Stevie Wonder R&B-listene og gjekk stundom inn på poplistene. Dette var med på å framskunde opphevinga av raseskilje, medan plateselskapa Motown og Stax/Volt vart viktige krefter innan plateindustrien. [53] Alle desse elementa, som dei tette harmoniane i doo wop og jentegruppene, den nennsame låtskrivinga i Brill Building og den polerte produksjonen innan soul, var med å påverke Merseybeat-stilen, særleg den tidlege musikken til The Beatles, og via dei forma desse stilartane seinare rockemusikk. [54] Somme musikkhistorikarar har òg vist til at det vart utvikla viktig og nyskapande teknikk som bygde på rock and roll i denne perioden. Døme på dette er elektronisk handsaming av lyd av nyskaparar som Joe Meek, og den utførlege produksjonsmetoden kalla Wall of Sound som Phil Spector skapte. [46]

Tidleg i 1960-åra [ endre | endre wikiteksten ]

Surfemusikk [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå surfemusikk.

Den instrumentale rock and roll-musikken til artistar som Duane Eddy, Link Wray og The Ventures vart utvikla vidare av Dick Dale, som la til ein markant «våt» romklang og rask og vekslande plukking på gitaren, i tillegg til at musikken var påverka av Midtausten- og mexicansk musikk. Han produserte regionale hittar som «Let's Go Trippin'» i 1961 og sette i gang eit surfemusikk-hysteri. Han følgde opp med songar som «Misirlou» (1962). [55] [56] Som Dale and his Del-Tones oppstod dei fleste tidlege surfebanda i Sør-California, som Bel-Airs, The Challengers og Eddie & the Showmen. [56] The Chantays fek ein nasjonal hit med «Pipeline» i 1963 og den kanskje mest kjende surfemelodien var «Wipe Out» av The Surfaris frå 1963. [57]

The Beach Boys oppstod i 1962.

Surfemusikk fekk størst kommersiell suksess som vokalmusikk, særleg med The Beach Boys, som vart skipa i Sør-California i 1961. Dei tidlege albuma deira inneheld både instrumental surferock (mellom anna musikk av Dick Dale) og vokale songar, og dei brukte element frå rock and roll og doo wop og tette harmoniar frå popartistar som Four Freshmen. [55] Den første hitten deira, «Surfin'» frå 1962, nådde Billboard-lista og var med å gjere surfemusikkbølgja til eit nasjonalt fenomen. [58] Etter 1963 slutta gruppa å lage surfemusikk, medan Brian Wilson vart den viktigaste låtskrivaren og produsenten deira. Andre vokalgrupper følgde, som Ronny & the Daytonas med hitten «G. T. O.» (1964) og Rip Chords med «Hey Little Cobra», som begge nådde topp 10 i USA. I lag med Beach Boys var den einaste andre artisten med større suksess Jan & Dean, som nådde toppen av salslista med «Surf City» (skriven i lag med Brian Wilson) i 1963. [55] Surfemusikkbølgja og karrieren til dei fleste surfeartistane enda stort sett brått då den britiske bølgja starta i 1964. [55] Berre Beach Boys klarte å fortsette karrieren sin utover i 1960-åra, og produserte ei rekkje hitsinglar og album, som det særs høgt akta Pet Sounds i 1966. Dette albumet gjorde dei til det einaste amerikanske rocke- eller popbandet som kunne matche The Beatles. [58]

Den britiske bølgja [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå den britiske bølgja, beatmusikk, britisk rhythm and blues og britiske rock. The Beatles kjem til New York i januar 1964 i starten av den britiske bølgja.

Mot slutten av 1962 hadde det som kom til å bli det britiske rockemiljøet starta med beat-grupper som The Beatles, Gerry & the Pacemakers og The Searchers frå Liverpool og Freddie and the Dreamers, Herman's Hermits og The Hollies frå Manchester. Dei var inspirert av mange amerikanske musikkstilar, som soul, rhythm and blues og surfemusikk, [59] og i starten tolka dei kjende amerikanske songar og spelte til dans. Band som The Animals frå Newcastle og Them frå Belfast, [60] og særleg dei frå London, som The Rolling Stones og The Yardbirds, var mykje meir direkte påverka av rhythm and blues og seinare blues. [61] Desse gruppene byrja etter kort tid å spele sine eigne songar, og kombinertre amerikanske musikkformer med ein energisk rytme. Beat-banda spelte ofte «livlege, uimotståelege melodiar», medan tidlege britiske rhythm and blues-band lente meir mot mindre seksuell uskuld, meir aggressive songar, og hadde ofte ei anti-etablissement-haldning. Særleg i den første tida kryssa desse to tendensane ofte over i kvarandre. [62] Med The Beatles i spissen byrja beat-gruppene i 1963 å få nasjonal suksess i Storbritannia, og dei meir rhythm and blues-fokuserte artistane følgde kort tid etter. [63]

«I Want to Hold Your Hand» vart den første hitten til The Beatles som nådde toppen av Billboard Hot 100, [64] og låg sju veker på toppen og i alt 15 veker inne på lista. [65] [66] Den første framsyninga deira på The Ed Sullivan Show den 9. februar 1964, som vart sett av kring 73 millionar sjåarar (på den tida rekord for eit amerikansk fjernsynsprogram), vert ofte rekna som ein milepåle i amerikansk popkultur. The Beatles vart sidan det mestseljande rockebandet i historia og fleire britiske band følgde dei kort tid etter inn på dei amerikanske salslistene. [62] Dei neste to åra dominerte britiske artistar salslistene både i heimlandet og i USA med Peter and Gordon, The Animals, [67] Manfred Mann, Petula Clark, [67] Freddie and the Dreamers, Wayne Fontana and the Mindbenders, Herman's Hermits, The Rolling Stones, [68] The Troggs og Donovan [69] som alle hadde ein eller fleire nummer-ein-singlar. [65] Andre store artistar som var ein del av bølgja var The Kinks og The Dave Clark Five. [70] [71]

Den britiske bølgja var med å gjere rock and roll-produksjonen internasjonal og var ein døropnar for britiske (og irske) artistar til internasjonal suksess. [72] I Amerika tydde bølgja slutten for instrumental surfemusikk, vokale jentegrupper og (for ei stund) tenåringsidola, som hadde dominert dei amerikanske salslistene på slutten av 1950-åra og tidleg i 1960-åra. [73] Bølgja svekka karrieren til etablerte R&B-artistar som Fats Domino og Chubby Checker og hindra til og med suksess for overlevande rock and roll-artistar, som Elvis. [74] Den britiske bølgja spelte òg ei stor rolle i å forme rockesjangeren, og standarden for rockeband var vekt på gitarar og trommer og det å skrive sine eigne songar som songar-låtskrivarar. [32]

Garagerock [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå garagerock.

Garagerock var ei rå form for rockemusikk, og var særleg dominerande i Nord-Amerika i midten av 1960-åra. Sjangeren fekk dette namnet fordi det var ei oppfatning at banda øvde i garasjen i forstadsheimane til foreldra. [75] [76] Garagerocksongar handla ofte om traume i livet på high school, og songar om «løgnaktige jenter» var særleg vanleg. [77] Tekstane og framføringa var ofte meir aggressiv enn det som var vanleg på den tida, og vokalen var ofte knurrande eller skrikande. [75] Songane varierte frå primitiv musikk med ein akkord (som The Seeds) til kvalitet som nærma seg studiomusikarar (The Knickerbockers, The Remains og The Fifth Estate). Det var òg variasjonar frå region til region i landet og i fleire område av landet oppstod det blømande miljø, særleg i California og Texas. [77] Statane Washington og Oregon hadde kanskje den mest definerte, regionale stilen. [78]

Stilen hadde utvikla seg frå regionale miljø så tidleg som 1958. «Tall Cool One» (1959) av The Wailers og «Louie Louie» av The Kingsmen (1963) er dei mest kjende døma på det tidlege stadiet av sjangeren. [79] Innan 1963 byrja garagebanda å krype inn på dei nasjonale listene, som Paul Revere and the Raiders (Boise), [80] The Trashmen (Minneapolis) [81] og The Rivieras (South Bend i Indiana). [82] Andre innverknadstunge garageband, som The Sonics (Tacoma i Washington), kom aldri inn på Billboard Hot 100. [83] I denne tidlege perioden var mange av banda kraftig påverka av surferock og det var mange kryssingar mellom garasjerock og fratrock, som stundom vert rekna som ein undersjanger av garasjerock. [84]

Den britiske bølgja i 1964–66 påverka garagebanda i stor grad, og gav dei eit nasjonalt publikum. Dette førte til at mange (ofte surfe- eller hot rod-grupper) byrja å etterlikne den britisk stilen, og mange andre vart inspirerte til å starte eigne band. [77] Det fanst tusenvis av garasjeband i USA og Canada i denne tida og dei produserte hundrevis av regionale hittar. [77] Døme på dette er «The Witch» av The Sonics (1965) frå Tacoma, «Where You Gonna Go» av Unrelated Segments (1967) frå Detroit, «Girl I Got News for You» av Birdwatchers (1966) frå Miami og «1–2–5» av The Haunted frå Montreal. Trass i at mange band fekk kontrakt med store nasjonale eller regionale selskap, var dei fleste kommersielt mislukka. Ein er stort sett samde om at garasjerocken hadde eit kommersielt og kunstnarisk høgdepunkt kring 1966. [77] Innan 1968 hadde stilen stort sett forsvunne frå dei nasjonale og lokale listene då mange av amatørmusikarane byrja å studere, arbeide eller måtte inn i militæret. [77] Det utvikla seg nye stilartar som ertatta garasjerocken (som bluesrock, progressiv rock og countryrock). [77] I Detroit heldt arva etter garasjerocken seg levande inn i starten av 1970-åra, med band som MC5 og The Stooges, som spelte ein langt meir aggressiv form for garasjerock. Desse banda fekk merkelappen punkrock og vert i dag ofte rekna som proto-punk eller proto-hardrock. [85]

Poprock [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå poprock, pop og powerpop. The Everly Brothers i 2006.

Omgrepet pop har blitt nytta sidan tidleg på 1900-talet for å vise til populær musikk generelt, men frå midten av 1950-åra vart det brukt om ein særeigen sjanger, retta mot ungdomsmarknaden, og ofte skildra som eit mildare alternativ til rock and roll. [86] [87] Etter den britiske bølgja, frå kring 1967, vart det i aukande grad nytta som ein motsetnad til omgrepet rock, for å skildre ei musikkform som var meir kommersiell, kortvarig og tilgjengeleg. [20] I motsetnad byrja rocken å fokusere på lengre verk, særleg album, og var ofte knytt til særeigne subkulturar (som motkulturen i 1960-åra). Det vart lagt vekt på kunstnariske verdiar og «autentisitet», konsertar og musikarar som var dyktige på instrumenta sine eller dyktige songarar. [20] [86] [87] [88]

Likevel har mykje av pop- og rockemusikken ein liknande stil, instrumentering og liknande tekstar. Omgrepa «pop-rock» og «power pop» har blitt nytta til å skildre meir kommersiell suksessrik musikk som nyttar mange element frå, eller forma til, rocken. [89] Pop-rock har blitt definert som ein «livleg variant av rockemusikken representert av artistar som Elton John, Paul McCartney, The Everly Brothers, Rod Stewart, Chicago og Peter Frampton». [90] Omgrepet power pop vart namnsett av Pete Townshend frå The Who i 1966, men ikkje mykje brukt før det vart nytta om band som Badfinger i 1970-åra, som var ein av dei største salssuksessane på den tida. [91]

Klassisk periode [ endre | endre wikiteksten ]

Bluesrock [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå bluesrock og britisk blues.

Sjølv om den første delen av den britiske bølgja i amerikansk popmusikk var gjennom beat- og R&B-baserte band, kom det kort tid etter ei ny bølgje med band som var direkte inspirerte av amerikansk blues, som the Rolling Stones og the Yardbirds. [92] Britiske bluesmusikarar seint i 1950- og tidleg i 1960-åra var inspirert av den akustiske stilen til artistar som Lead Belly, som hadde stor påverknad å skiffle-bølgja, og Robert Johnson. [93] Etter kvart byrja dei å spele ein høglydt forsterkarbasert stil med elektrisk gitar, basert på Chicagoblues, særleg etter Muddy Waters turnerte i Storbritannia i 1958. Dette fekk Cyril Davies og gitaristen Alexis Korner til å danne bandet Blues Incorporated. [94] Bandet omfatta og inspirerte mange av artistane i den britiske blues-bølgja som følgde, mellom andre medlemmar av the Rolling Stones og Cream. Dei kombinerte bluesstandardar og bluesformer med rock. [51]

Eric Clapton på scenen i Barcelona i 1974.

Det andre hovudsenteret i britisk blues var kring John Mayall som skipa Bluesbreakers, med medlemmmar som Eric Clapton (etter han slutta i The Yardbirds) og seinare Peter Green. Særleg viktig var utgjevinga av Blues Breakers with Eric Clapton (Beano) (1966), som vert rekna som eit av dei første britiske bluesinnspelingane med ein stil som vart mykje etterlikna i både Storbritannia og USA. [95] Eric Clapton danna sidan supergruppene Cream, Blind Faith og Derek and the Dominos, etterfølgd av ein omfattande solokarriere som var med å føre bluesrocken ut til eit stort publikum. [94] Green og rytmeseksjonen i Bluesbreaker, Mick Fleetwood og John McVie, danna Peter Green sitt Fleetwood Mac, som var av dei som oppnådde størst suksess innan sjangeren. [94] Seint i 1960-åra gjekk Jeff Beck, som òg hadde spelt i the Yardbirds, frå bluesrock og i retning av tungrock med bandet sitt, the Jeff Beck Group. [94] Den siste Yardbirds-gitaristen var Jimmy Page. Han danna The New Yardbirds av restane av bandet og dette vart raskt Led Zeppelin. Mange av songane på dei første tre albuma deira, og stundom seinare i karrieren, var utvida versjonar av tradisjonelle bluessongar. [94]

Ein av pionerane innan bluesrock i Amerika var gitaristen Lonnie Mack tidleg i 1960-åra, [96] men sjangeren byrja å ta av i midten av 1960-åra, då artistane utvikla ein liknande stil som dei britiske bluesmusikarane. Viktige artistar var Paul Butterfield (som hadde eit band som fungerte som Mayall sitt Bluesbreakers i Storbritannia og var utgangspunkt for mange suksessrike musikarar), Canned Heat, det tidlege Jefferson Airplane, Janis Joplin, Johnny Winter, the J. Geils Band og Jimi Hendrix med hans powertrioar, the Jimi Hendrix Experience og Band of Gypsys. Hendrix var ein gitarvirtuos og underhaldar som vart etterlikna av dei fleste på slutten av tiåret. [94] Bluesrockband frå sørstatane, som Allman Brothers Band, Lynyrd Skynyrd og ZZ Top, nytta countryelement i stilen sin og skapte ein særeigen southern rock. [97]

Tidlege bluesrockband etterlikna ofte jazz, og spelte lange, involverte improvisasjonar, som seinare vart eit viktig element i progressiv rock. Frå kring 1967 flytta band som Cream og the Jimi Hendrix Experience seg bort frå rein blues-basert musikk til psykedelia. [98] I 1970-åra vart bluesrocken tyngre og meir riff-basert, som til dømes hos Led Zeppelin og Deep Purple, og linjene mellom bluesrock og hardrock «var berre så vidt synlege», [98] då banda byrja å spele inn rockealbum. [98] Sjangeren fortsette inn i 1970-åra med artistar som George Thorogood og Pat Travers, [94] men særleg i Storbritannia (utanom grupper som Status Quo og Foghat som flytta seg mot ein form for høgenergisk og repeterande boogierock) vart band meir fokusert på å utvikle heavy metal, og bluesrock byrja å bli mindre populært. [99]

Folkrock [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå folkrock og elektrisk folk. Joan Baez og Bob Dylan i 1963.

I 1960-åra hadde miljøet som utvikla seg ut frå den amerikanske visesong-gjenreisinga vokse til ei stor rørsle, og brukte tradisjonell musikk og nye songar skrivne i ein tradisjonell stil, vanlegvis på akustiske instrument. [100] Pionerar innan sjangeren i Amerika var artistar som Woody Guthrie og Pete Seeger og var ofte knytt til progressiv eller arbeidarpolitikk. [100] Tidleg i 1960-åra gjekk artistar som Joan Baez og Bob Dylan fremst i denne rørsla som songar-låtskrivarar. [101] Dylan hadde byrja å nå ut til eit stort publikum med hittar som «Blowin' in the Wind» (1963) og «Masters of War» (1963), som førte «protestsongar» ut til eit større publikum. [102] Sjølv om rocken og visesongen hadde byrja å påverke kvarandre, hadde dei stort sett vore heilt fråskilde sjangrar, ofte med sine heilt eigne publikum. [103]

Tidlege forsøk på å kombinere element av visesong og rock var the Animals sin «House of the Rising Sun» (1964), som vart den første kommersielt suksessrike visesongen som vart spelt inn med rock and roll-instrumentering [104] og the Beatles sin «I'm a Loser» (1964), som utan tvil var den første Beatles-songen som var direkte inspirert av Dylan. [105] Ein reknar vanlegvis at folkrockrørsla tok av med The Byrds si innspeling av Dylan-songen «Mr. Tambourine Man», som toppa listene i 1965. [103] Med medlemmar som hadde vore ein del av det kafébaserte visemiljøet i Los Angeles, byrja the Byrds å bruke rockeinstrumentering, med trommer og ein 12-strengs Rickenbacker-gitar, og dette vart eit viktig element i korleis sjangeren høyrdest ut. [103] Seinare det året byrja Dylan å bruke elektriske instrument, noko som krenka mange puritanske visetilhengjarar. Songen hans «Like a Rolling Stone» vart ein amerikansk hitsingel. [103] Folkrock tok særleg av i California, der artistar som The Mamas & the Papas og Crosby, Stills and Nash brukte elektriske instrument, og i New York, der ein fekk artistar som The Lovin' Spoonful og Simon and Garfunkel. Sistnemnde sin akustiske «The Sounds of Silence» (1965) vart miksa på ny med rockeinstrument og vart den første av mange hittar for duoen. [103]

Desse artistane inspirerte direkte britiske artistar som Donovan og Fairport Convention. [103] I 1969 slutta Fairport Convention å spele ei blanding av amerikanske coverversjonar og Dylan-aktige songar og byrja å spele tradisjonelle engelske viser på elektriske instrument. [106] Band som Pentangle, Steeleye Span og The Albion Band byrja å spele denne elektriske visemusikken, som igjen førte til at irske grupper som Horslips og skotske artistar som JSD Band, Spencer's Feat og seinare Five Hand Reel, byrja å bruke sin tradisjonelle musikk til å skape ei grein av keltisk rock tidleg i 1970-åra. [107] Alan Stivell i Bretagne gjorde mykje av det same der.

Folkrocken nådde eit kommersielt høgdepunkt i perioden 1967-1968, før mange av artistar flytta seg i forskjellige andre retningar, inkludert Dylan og the Byrds, som byrja å utvikle countryrock. [108] Blandinga av visemusikk og rock vert rekna som ein viktig faktor i utviklinga av rocken, og førte inn element av psykedelia, og var med å utvikle ideane om songar-låtskrivaren, protestsongen og konseptet om «autentisitet». [103] [109]

Psykedelisk rock [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå psykedelisk rock og ragarock. Jimi Hendrix på nederlandsk fjernsyn i 1967.

Den LSD-inspirerte stemninga i den psykedeliske musikken byrja i visemiljøet med det New York-baserte Holy Modal Rounders som brukte omgrepet i 1964 på innspelinga «Hesitation Blues». [110] Den første gruppa som marknadsførte seg som psykedelisk rock var the 13th Floor Elevators frå Texas, mot slutten av 1965. Dei spelte inn eit album som klårt synte retninga deira, med The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators året etter. [110] The Beatles introduserte mange av dei store elementa frå den psykedeliske stilen for eit stort publikum i denne perioden, med «I Feel Fine» som nyttar gitarfeedback. Seint i 1965 inneheldt albumet Rubber Soul ein sitar på «Norwegian Wood» og dei nytta baklengsmaskering på B-sida «Rain» i 1966 og andre songar som kom ut på Revolver seinare på året. [111]

Psykedelisk rock tok særleg av i det blømande musikkmiljøet i California då grupper følgde the Byrds frå visesong til folkrock frå 1965. [111] Den psykedeliske levestilen hadde alt utvikla seg i San Francisco og kjende produkt av dette miljøet var the Grateful Dead, Country Joe and the Fish, the Great Society og Jefferson Airplane. [111] [112] The Byrds flytta eg raskt frå rein folkrock i 1966 med singelen «Eight Miles High», som ofte vert rekna som ein referanse til dopbruk. I Storbritannia var innverknadsrike band i sjangeren The Yardbirds, [111] som med Jeff Beck som gitarist flytta seg stadig meir inn i psykedelisk territorium, og la til kjappe, improviserte «rave ups», gregoriansk korsong og verdsmusikk i songane sine, som «Still I'm Sad» (1965) og «Over Under Sideways Down» (1966). [113] Frå 1966 dukka nye artistar som Pink Floyd, Traffic og Soft Machine opp i det britiske undergrunnsmiljøet i Nord-London. [114] Same året gav Donovan ut det visepåverka hitalbumet Sunshine Superman , som vert rekna som ei av dei første psykedeliske popplatene, i tillegg til debutane til bluesrockbanda Cream og the Jimi Hendrix Experience, som hadde med gitartunge jammar som vart ein viktig del av psykedeliaen. [111]

Psykedelisk rock nådde høgdepunktet dei siste åra av 60-talet. I 1967 gav the Beatles ut den definitive psykedeliske ytringa med Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band , mellom anna med den kontroversielle songen «Lucy in the Sky with Diamonds». The Rolling Stones svarte seinare på året med Their Satanic Majesties Request . [111] Pink Floyd spelte inn det som vert rekna som det beste psykedeliske verket deira, The Piper at the Gates of Dawn . [111] I Amerika vart Summer of Love innleidd av hendinga Human Be-In og nådde ein topp med Monterey Pop Festival. Sistnemnde var med på å gjere Jimi Hendrix og the Who til store stjerner i Amerika. The Who-songelen «I Can See for Miles» var ein psykdelisk song. [115] Viktige innspelingar innan sjangeren var òg Jefferson Airplane sin Surrealistic Pillow og the Doors sitt Strange Days . [116] Desse trendane nådde eit klimaks i 1969 med Woodstockfestivalen, der dei fleste store psykedeliske artistane spelte. På slutten av tiåret var den pskyedeliske rocken på veg attende. Brian Wilson i the Beach Boys, Brian Jones i the Rolling Stones, Peter Green i Fleetwood Mac og Syd Barrett i Pink Floyd var tidlege «syreoffer», the Jimi Hendrix Experience og Cream var oppløyste før tiåret var over og mange av dei overlevande artistane flytta seg bort frå psykedeliaen og attende til ein meir grunnleggande «rootsrock», ei vidare eksperimentering med progressiv rock, eller riffbasert tungrock. [111]

Progressiv rock [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå progressiv rock, kunstrock og eksperimentell rock.

Progressiv rock er eit omgrep som stundom vert nytta omvekslande med kunstrock og gjekk utover dei etablerte musikalske formlane i rocken og eksperimenterte med forskjellige instrument, songtypar og former. [117] Frå midten av 1960-åra hadde the Left Banke, the Beatles, the Rolling Stones og the Beach Boys brukt cembalo, blåseinstrument og strykarar på innspelingane sine og skapte ei form form Baroque rock. Dette kan ein høyre på singlar som Procol Harum sin «A Whiter Shade of Pale» (1967) med sin Bach-inspirerte introduksjon. [118] The Moody Blues brukte eit fullt orkester på albumet Days of Future Passed (1967) og skapte sidan orkesterlydar med synthesiserar. [117] I progressiv rock vert det ofte nytta klassisk orkestrering, klaverinstrument og synthesiserar, i tillegg til det etablerte rockeformatet med gitarar, bass og trommer. [119]

Progrockbandet Yes på scenen i Indianapolis i 1977.

Det var ofte vanleg med instrumentalar, medan songar med tekst stundom var omgrepsmessige, abstrakte eller basert på fantasi og science fiction. [120] The Pretty Things-albumet SF Sorrow (1968), the Who sitt Tommy (1969) og the Kinks-albumet Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire) (1969) introduserte formatet rockeopera og opna døra for konseptalbum, som ofte fortel ei episk soge eller har eit felles tema. [121] Debutalbumet til King Crimson frå 1969, In the Court of the Crimson King , blanda mektige gitarriff og mellotron, med jazz og symfonisk musikk, og vert ofte rekna som ein milepåle for progressiv rock. Dette var med på å spreie sjangeren tidleg i 1970-åra blant eksisterande bluesrock- og psykedeliaband, i tillegg til at nye artistar oppstod. [117]

Canterbury scene var eit miljø av artistar som Soft Machine, som flytta seg frå psykedelia, via jazz, til ein meir vidstrekt hardrock. Band i dette miljøet var mellom andre Caravan, Hatfield and the North, Gong og National Health. [122] Pink Floyd fekk stor kommersiell suksess etter å ha flytta seg bort frå psykedeliaen då Syd Barrett forsvann i 1968. The Dark Side of the Moon (1973) vert rekna som eit meisterverk i sjangeren og vart eit av dei mestseljande albuma gjennom tidene. [123] Det vart lagt vekt på instrumental virtuositet, og i band som Yes fekk både gitaristen Steve Howe og klaverspelaren Rick Wakeman vist seg fram, medan Emerson, Lake & Palmer var ei supergruppe som skapte noko av den mest teknisk krevjande musikken innan sjangeren. [117] Jethro Tull og Genesis gjekk i ganske så forskjellige, men tydeleg engelske, musikalske retningar. [124] Renaissance, som vart skipa i 1969 av dei tidlegare Yardbirds-medlemmane Jim McCarty og Keith Relf, utvikla seg til eit konseptrikt band med vokalisten Annie Haslam. [125] Dei fleste britiske banda innan sjangeren hadde kultstatus med relativt få fans, men eit par band, som Pink Floyd, Genesis og Jethro Tull, klarte å skape topp 10-singlar og bryte gjennom på den amerikanske marknaden. [126]

Den amerikanske greina av progressiv rock varierte frå dei ekletiske og nyskapande Frank Zappa, Captain Beefheart og Blood, Sweat & Tears, [127] til meir poprock-orienterte band som Boston, Foreigner, Kansas, Journey og Styx. [117] Desse banda, i tillegg til dei britiske banda Supertramp og ELO, var alle påverka av progrock og var av dei mest kommersielt suksessrike artistane i 1970-åra. Dei starta ein periode med pomp og prakt eller arenarock , som varte fram til kostnaden av store, komplekse show (ofte med teatralske scener og spesialeffektar) vart for store og dei vart erstatta av meir økonomiske rockefestivalar i 1990-åra.

Vektlegginga av instrumentalar innan sjangeren førte til album som Tubular Bells av Mike Oldfield (1973), som vart ein hit verda over. [117] Instrumental rock var særleg viktig på kontinentet i Europa, der band som Kraftwerk, Tangerine Dream, Can og Faust på den måten omgjekk språkbarrieren. [128] Den synthesiser-tunge «krautrocken» deira, i lag med musikken til Brian Eno (som ei tid var klaverspelar i Roxy Music), vart viktige inspirasjonskjelder for den seinare elektroniske rocken. [117] Då punkrocken kom på banen og teknologien endra seg seint i 1970-åra, vart progressiv rock stadig oftare avvist som pretensiøs og oppblåst. [129] [130] Mange band forsvann, men somme, som Genesis, ELP, Yes og Pink Floyd, fortsette suksessen med hitalbum og populære verdsturnear. [85] Somme av banda som dukka opp i kjølvatnet av punken, som Siouxsie and the Banshees, Ultravox og Simple Minds, synte påverknad frå progressiv rock, i tillegg til den meir vanlege anerkjente påverknaden frå punken. [131]

Rootsrock [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå rootsrock, countryrock og Southern rock.

Mange artistar såg på det psykedeliske miljøet som utsvevande og overlessa, og ønskte å gå mot ei enklare form for rock and roll, som i dag blir omtalt som rootsrock. Denne sjangeren tok inn element av dei opphavlege inspirasjonskjeldene, særleg country og folkemusikk, og ein skapte countryrock og Southern rock. [132] I 1966 drog Bob Dylan til Nashville for å spele inn albumet Blonde on Blonde . [133] Dette albumet, og seinare meir tydeleg countryaktige album, har blitt rekna som starten på sjangeren countryfolk, ein veg mange, stort sett akustiske, folkemusikarar gjekk. [133] Andre artistar følgde denne trenden mot det meir enkle, som den kanadisk gruppa the Band og California-baserte Creedence Clearwater Revival, som begge blanda enkel rock and roll med viser, country og blues, og vart blant dei mest suksessrike og innverknadsrike banda frå slutten av 1960-åra. [134] Den same rørsla var byrjinga på platekarrieren til soloartistar frå Californa som Ry Cooder, Bonnie Raitt og Lowell George, [135] og påverka musikken til etablerte artistar som the Rolling Stones på Beggar's Banquet (1968) og the Beatles på Let It Be (1970). [111]

The Eagles i 2008–2009 under Long Road out of Eden-turneen.

I 1968 spelte Gram Parsons inn Safe at Home med International Submarine Band, som utan tvil var det første verkelege countryrockalbumet. [136] Seinare det året vart han med i the Byrds for albumet Sweetheart of the Rodeo (1968), som generelt vert rekna som ei av dei viktigaste innspelingane i sjangeren. [136] The Byrds fortsette i same gata, medan Parsons slutta og slo seg saman med eit anna tidlegare Byrds-medlem, Chris Hillman, og danna the Flying Burrito Brothers som var med på å gje sjangeren respekt, før Parsons slutta for å konsentrere seg om solokarrieren sin. [136] Band i California som byrja å spele countryrock var mellom andre Hearts and Flowers, Poco, New Riders of the Purple Sage, [136] the Beau Brummels, [136] og Nitty Gritty Dirt Band. [137] Somme artistar fekk òg ein renessanse med å slutte seg til countrystilen, som the Everly Brothers, det tidlegare tenåringsidolet Rick Nelson, som vart frontmann i the Stone Canyon Band, det tidlegare the Monkees-medlemmet Mike Nesmith, som danna First National Band, og Neil Young. [136] The Dillards var eit av dei få banda som gjekk andre vegen, frå country mot rock. [136] Den største kommersielle suksessen i 1970-åra blant countryrockartistane hadde mellom andre Doobie Brothers, Emmylou Harris, Linda Ronstadt og Eagles (som bestod av medlemmar frå the Burritos, Poco og Stone Canyon Band). Eagles vart blant dei mest suksessrike artistane på denne tida, uansett sjanger, og gav ut album som Hotel California (1976). [138]

The Allman Brothers Band vert vanlegvis rekna som grunnleggjarane av Southern rock. Dei utvikla ein særeigen stil, som stor sett kom frå bluesrock, med element av boogie, soul og country tidleg i 1970-åra. [97] Den mest suksessrike artisten som følgde dei var Lynyrd Skynyrd, som var med på å etablere «Good ol' boy»-imaget til undersjangeren og var med å forme gitarrocken i 1970-åra. [97] Etterfølgjarane deira omfatta fusion/progressiv-instrumentalistane Dixie Dregs, det meir countryaktige Outlaws, den meir jazza Wet Willie og the Ozark Mountain Daredevils, som nytta element av R&B og gospel. [97] Etter at the Allmans og Lynyrd Skynyrd mista fleire av dei originale medlemmane, byrja sjangeren å bli mindre populær utover i 1970-åra, men vart opprettheldt i 1980-åra med artistar som .38 Special, Molly Hatchet og the Marshall Tucker Band. [97]

For meir om dette emnet, sjå norsk rock.

Noreg hadde òg eit progressivt rockemiljø som starta i 1971 med albumet Friendship av Junipher Greene. Andre progressive band var Folque som blanda rock med norsk folkemusikk, og band som Ruphus, Aunt Mary, Popol Vuh, Prudence og Høst.

Jazzrock [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå jazzrock. Jaco Pastorius i Weather Report i 1980.

Seint i 1960-åra dukka jazzrocken opp som ein eigen underssjanger av bluesrock, psykedelisk og progressiv rock. Dei blanda krafta i rocken med den musikalske kompleksiteten og improvisasjonselementa i jazzen. AllMusic skreiv at omgrepet jazzrock «kan syne til dei mest høglydte, villaste, mest elektrifiserte fusion-banda i jazz-leiren, men oftast skildrar det artistane som kom frå rockesida av likninga. Jazzrock voks opp frå dei mest kunstnarisk ambisiøse undersjangrane av rocken seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra», inkludert songar-låtskrivar-rørsla. [139] Mange tidlege amerikanske rock and roll-musikarar hadde byrja i jazz og teke med seg desse elementa inn i den nye musikken. I Storbritannia hadde bluesrocken og mange av dei leiande musikarane, som Ginger Baker og Jack Bruce frå det Eric Clapton-fronta bandet Cream, kom frå det britiske jazzmiljøet. Den første verkelege jazzrockinnspelinga vert ofte rekna for å vere det einaste albumet til det relativt obskure New York-baserte bandet the Free Spirits med Out of Sight and Sound (1966). Dei første gruppene av band som sjølv byrja å bruke merkelappen var R&B-orienterte, kvite rockeband med jazzaktige blåserekkjer, som Electric Flag, Blood, Sweat & Tears og Chicago. Chicago vart av dei mest kommersielt suksessrike artistane seint i 1960- og tidleg i 1970-åra. [140]

Britiske artistar som dukka opp i same perioden frå bluesmiljøet var mellom andre Nucleus [141] og Colosseum som brukte dei tonale og improvisasjonsbaserte sidene ved jazzen. Frå psykedelisk rock og Canterbury scene kom Soft Machine, som skapte ein av dei kunstnarisk mest suksessrike blaningane av dei to sjangrane. Den kanskje mest kritikarroste blandinga kom frå jazzsida av likninga, med Miles Davis, som var særleg inspirert av Jimi Hendrix, og brukte rockeinstrumentering på albumet Bitches Brew (1970). Dette vart ei stor inspirasjonskjelde for rockepåverka jazzartistar som Herbie Hancock, Chick Corea og Weather Report. [140] Sjangeren vart mindre populær mot slutten av 1970-åra, då ei mildare form for fusion tok over, [142] men artistar som Steely Dan, [142] Frank Zappa og Joni Mitchell spelte inn viktige jazz-påverka album i denne perioden og har fortsett å vere store inspirasjonskjelder for rocken. [140]

Glamrock [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå glamrock. David Bowie under Ziggy Stardust and the Spiders-turneen i 1972.

Glamrock utvikla seg frå dei engelske psykedeliske miljøa og kunstrockmiljøa frå slutten av 1960-åra og kan reknast som ei forlenging av og reaksjon på desse trendane. [143] Sjangeren er musikalsk mangfaldig, og varierte mellom enkel rock and roll hos Alvin Stardust og den komplekse kunstrocken til Roxy Music. Glamrocken kan like mykje reknast som ein mote som ein musikalsk undersjanger. [143] Visuelt var det ei blanding av forskjellige stilartar, frå 30-tals Hollywood-glamour, til den erotiske tiltrekningskrafta til pin-up-modellar på 50-talet, førkrigs kabaretteater, viktorianske litterære og symbolist-stilar, science fiction, til antikk og okkult mystisisme og mytologi. Det kom til syne i prangande klede, sminke, frisyrar og plattformsko. [144] Glam er mest kjend for den seksuelle og kjønnlege fleirtydigheita og den androgyne utsjånaden til artistane, i tillegg til at det vart mykje teatralske element. [145] Før glamrocken slo ut for fullt hadde ein sett manipulering av kjønnsidentitet hos amerikanske artistar som the Cockettes og Alice Cooper. [146]

Opphavet til glamrock er assosiert med Marc Bolan, som hadde kalla viseduoen sin T. Rex og byrja å spele elektriske instrument på slutten av 1960-åra. Starten på glamrocken er ofte rekna som framsyninga hans på det britiske fjernsynsprogrammet Top of the Pops i desember 1970, der han gjekk i glitter og spelte den første hitten sin, «Ride a White Swan». [147] Frå 1971 hadde den gryande stjerna David Bowie utvikla Ziggy Stardust-personen sin, og nytta element av profesjonell sminke, pantomime og performance på konsertane sine. [148] Desse artistane vart raskt etterfølgd av artistar som Roxy Music, Sweet, Slade, Mott the Hoople, Mud og Alvin Stardust. [148] Dei var særs populære på dei britiske singellistene, men få av dei gjorde det særleg godt i USA. Bowie var det store unntaket og vart ei internasjonal superstjerne og amerikanske artistar som Lou Reed, Iggy Pop, New York Dolls og Jobriath tok til seg ein del av glamrockstilen, ofte kalla «glitter-rock», men med mørkare tekstar enn dei britiske motpartane. [149] I Storbritannia synte glitter-rock oftast til den ekstreme versjonen av glam, som Gary Glitter og bandet hans Glitter Band utøvde. Dei fekk 18 topp 10-singlar i Storbritannia mellom 1972 og 1976. [150] Ei ny bølgje med glamrockartistar, som Suzi Quatro, Roy Wood sitt Wizzard og Sparks, dominerte dei britiske singellistene frå kring 1974 til 1976. [148] Andre artistar, vanlegvis ikkje rekna som sentrale for sjangeren, byrja òg å bruke glam-stilen, som Rod Stewart, Elton John, Queen og sjølv the Rolling Stones. [148] Glamrocken påverka òg direkte seinare artistar som Kiss og Adam Ant, og meir indirekte danninga av gothic rock og glam metal i tillegg til punkrocken, som var med på ende glam-moten frå kring 1976. [149] Glam har sidan hatt sporadiske tilbakekomstar gjennom band som Chainsaw Kittens, the Darkness [151] og i R&B-varianten Prince. [152]

Softrock, hardrock og tidleg heavy metal [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå softrock, hardrock og heavy metal. Led Zeppelin på scenen på Chicago Stadium i januar 1975.

Frå seint i 1960-åra vart det vanleg å dele den populære rockemusikken i soft- og hardrock. Softrock kom ofte frå folkrock, med akustiske instrument og meir vekt på melodi og harmoniar. [153] Store artistar var Carole King, Cat Stevens og James Taylor. [153] Sjangeren hadde det kommersielle høgdepunktet på midten og slutten av 1970-åra med artistar som Billy Joel, America og ein ny variant av Fleetwood Mac. Albumet deira Rumours (1977) vart det mestseljande albumet det tiåret uansett sjanger. [154] På den andre sida var hardrock som ofte hadde ein fot i bluesrocken og spelte høgare og med meir intensitet. [155] Det vert ofte lagt vekt på elektrisk gitar, både som rytmeinstrument med enkle, repeterande riff, og som soloinstrument, og ofte med forvrenging og andre effektar. [155] Viktige artistar i den britiske bølgja var the Who og the Kinks, i tillegg til artistar frå den psykedeliske perioden som Cream, Jimi Hendrix og the Jeff Beck Group. [155] Hardrock-påverka band som fekk internasjonal suksess seinare i 1970-åra var mellom andre Queen, [156] Thin Lizzy, [157] Aerosmith og AC/DC. [155]

Frå seint i 1960-åra vart omgrepet «heavy metal» nytta til å skildre hardrock som vart spelt med enno høgare volum og intensitet, og vart først nytta som eit adjektiv, før det tidleg i 1970-åra vart eit substantiv. [158] Omgrepet vart først omtalt i ein song i Steppenwolf-songen «Born to Be Wild» (1967) og vart etter kvart assosiert med pionerband som Blue Cheer frå San Francisco og Grand Funk Railroad frå Michigan. [159] I 1970 var det tre viktige britiske band som utvikla ein karakteristisk stil som var med å forme undersjangeren. Led Zeppelin brukte element av fantasy i sin rifftunge bluesrock, Deep Purple henta inn element av symfonisk musikk og mellomalderen frå den progressive rockefasen sin og Black Sabbath introduserte aspekt av gotisk og modal harmoni som var med å skape ein «mørkare» stil. [160] Desse elementa vart teken vidare av den «andre generasjonen» av heavy metal-band seint i 1970-åra, som Judas Priest, UFO, Motörhead og Rainbow frå Storbritannia, Kiss, Ted Nugent og Blue Öyster Cult frå USA, Rush frå Canada og Scorpions frå Tyskland, som alle var med på å gjere sjangeren populær. [160] Trass i at musikken vart lite spelt på radio og gjorde det dårleg på singellistene, fekk heavy metal-musikken på slutten av 1970-åra mange fans, særleg blant menn frå arbeidarklassen i Nord-Amerika og Europa. [161]

Kristenrock [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå kristenrock. Stryper på scenen i 1986.

Rock, og særleg heavy metal, har blitt kritisert av somme kristne leiarar, som har fordømd musikken som umoralsk, antikristen og til og med demonisk. [162] Likevel byrja kristenrocken å utvikle seg seint i 1960-åra, særleg ut frå Jesusrørsla i Sør-California. Det dukka opp som ein undersjanger i 1970-åra med artistar som Larry Norman, vanlegvis rekna som den første store «stjerna» innan kristenrock. [163] Sjangeren var særleg populær i USA. [164] Mange kristne rockeartistar har band til det moderne kristenmusikkmiljøet, medan andre band og artistar var meir sjølvstendige. Sidan 1980-åra har kristne rockeartistar hatt større suksess, som den amerikanske gospel-til-pop-artisten Amy Grant og den britiske songaren Cliff Richard. [165] Medan desse artistane stort sett vart aksepterte i kristne samfunn, var kristne band som spelte heavy rock og glam metal i 1980-åra, som Petra og Stryper, meir kontroversielle. [166] [167] Frå 1990-åra var det stadig fleire artistar som prøvde å unngå kristenbandstempelet, og føretrekte å bli sett på som «vanlege» rockegrupper som òg var kristne. Dette var til dømes band som P.O.D og Collective Soul. [168]

Punk-tida [ endre | endre wikiteksten ]

Punkrock [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå punkrock, protopunk og hardcore punk. Patti Smith på scenen i 1976.

Punkrock vart utvikla mellom 1974 og 1976 i USA og Storbritannia. Sjangeren hadde røter i garasjerock og andre former av det som i dag vert kalla protopunk. Punkrockband unngjekk det dei såg på som det overdådige i den populære rocken i 1970-åra. [169] Dei skapte ein kjapp, skarp musikk, ofte med korte songar, enkel instrumentering og ofte tekstar med politisk innhald som var mot «etablissementet». Punken hadde ofte ein gjer-det-sjølv-etikk og mange banda produserte sine eigne innspelingar og marknadsførte dei via uformelle kanalar. [170]

Seint i 1976 vart artistar som Ramones og Patti Smith i New York City, og Sex Pistols og the Clash i London, rekna som spydspissen for ei ny musikalsk rørsle. [169] Året etter spreidde punkrocken seg verda over. Punk vart raskt, og for ein kort periode, eit stort kulturelt fenomen i Storbritannia. I stor grad tok punken røter i lokale miljø som hadde ein tendens til å avvise hovudstraumane i populærkulturen. Det oppstod ein punk-subkultur som uttrykkte ungdommeleg opprør og var kjenneteikna av ein særeigen klestil og mange anti-autoritære ideologiar. [171]

I byrjinga av 1980-åra oppstod raskare og meir aggressive stilar som hardcore og Oi! og desse vart dei mest dominerande innan punkrocken. [172] Dette har ført til fleire utvikla greiner av hardcore punk, som D-beat (ein forvrengd, tung undersjanger påverka av det britiske bandet Discharge), anarcho-punk (som Crass), grindcore (som Napalm Death) og crust punk. [173] Musikarar som identifiserte seg med eller var inspirert av punk, har òg gjeve opphav til ei lang rekkje andre variantar, og vidareutvikla stilar som new wave, post-punk og alternativ rock. [169]

New wave [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sjå new wave, synthpop, New Romanticism og elektronisk rock. Deborah Harry frå bandet Blondie, på scenen i Maple Leaf Gardens i Toronto i 1977.

\